Heim

HOVDENKONTORET

Prosjektleiing, rådgjeving, søknadsskriving og marknadsføring

HEI!

LITT OM MEG


 

Eg heiter Ingvild Hovden, og etablerte Hovdenkontoret i 2011.

 

Eg tar på meg ulike oppdrag innan prosjektleiing, rådgjeving, søknadsskriving og marknadsføring. "Ingvild, kan ikkje du berre ordne det?" er eit vanlig spørsmål frå kundane mine. Så då prøvar eg på det.

TENESTER

PROSJEKTLEIING

 

Eg har utdanning innan prosjektleiing frå BI, og erfaring med mange ulike typar prosjekt. Eg kan stå for alt frå søknadsskriving, prosjektorganisering og prosjektplaner til oppfølging og oppdragsleiing. Under er eksempel på ein del prosjekt eg har hatt ansvar for.

 

 

BYGGJESØKNAD

 

Eg har sentral godkjenning som ansvarleg søkjar, og hjelper både bedrifter og private med byggjesøknad og tilhøyrande dokumentasjon. Eg kan bistå med komplett byggjesøknad, søknad om ferdigattest, ansvarsrett, samsvarserklæring, sentral godkjenning og dispensasjon. Elles formidlar eg gjerne kontakt med lokale handverkarar for ulike tenester.

 

 

MARKNADSFØRING

 

Eg kan tilby marknadsføringstenester i form av enkle nettsider (som denne), oppdatering av eksisterande nettsider, tekstarbeid, sosiale medier, enkel film ved hjelp av actionkamera og drone eller organisering av fotografering eller filming med profesjonell fotograf.

 

Eg kan også levere enkelt marknadsmateriell som oppslag, flygeblad og annonser.

 

 

RÅDGJEVING, STYREARBEID OG SØKNADSSKRIVING

 

Eg har gjennomført kursa Styrekompetanse I og II i regi av BI, og har erfaring frå ulike typar styreverv - også som styreleiar.

 

Elles tilbyr eg hjelp med søknader til offentlege instansar som Innovasjon Norge, fylkeskommunar, kommunar, regionråd og næringsfond. Eg har også hjelpt kundar med forretnings- og utviklingsplanar.

 

 

Modell: Arkitekt Erick T. Allende

 

NOKRE PROSJEKT


 

Gjennom dei siste åra har eg vore med og jobba med ei rekke spennande prosjekt.


 

Nokre prosjekt har eg hatt fullt ansvar for, og i andre prosjekt har eg koordinert jobben med ulike andre aktørar. Nokre prosjekt eg har jobba med:

 

 

HOVDENKONTORET


Ingvild Hovden tilbyr tenester innan prosjektleiing, søknadsskriving, rådgjeving og marknadsføring frå kontoret på Hovden i Setesdal.



MVAnummer: 996354857MVA

© Copyright 2018. Hovdenkontoret.

KONTAKT


Besøksadresse:

Hovdetun, 4755 Hovden

 

Postadresse: 

Røyrvikvegen 5, 4755 Hovden

+47 959 79 856